Velkomen til Hjelmeland!

Å vera ordførar i ein kommune der det skjer så mykje positivt som i Hjelmeland, er spennande og utfordrande.

Sandkasseungar - Klikk for stort bilete

Hjelmeland kommune som ligg i "i hjarta av Ryfylke" er ein god kommune å leva og bu i.

Vi har eit omfattande tenestetilbod av høg kvalitet.

Vi har 3 skular og 5 barnehagar  i kommunen.

Her er god tilgang på attraktive bustadtomter i alle bygdene.

Vi har mange varierte arbeidsplasser i eit næringsliv som går godt. Her rår optimisme og tru på framtida!

I kommunen er det eit rikt og variert kulturliv så her skal det vera mogeleg å finna noko som høver for dei fleste.

Det er gledeleg at fleire og fleire vil tilbringa ferie og fritid i naturkommunen Hjelmeland.

Det vert lagt stor vekt på å føra vidare den positive utviklinga Hjelmeland kommune har gjennom endå sterkare satsing på tenesteyting og service, kommunikasjonar og næringsingsutvikling.

Vi satsar særskilt på tilrettelegging for at ungdom og unge familiar skal busetja seg hjå oss. Dette, saman med andre satsingsområde og målretta tiltak, skal byggja opp under visjonen vår "Hjelmeland Naturlegvis".

Du er velkomen til å ta kontakt med oss - når det måtte passa.

 
Skomakarnibba - Klikk for stort bilete Bustadfelt ved Sæbø - Klikk for stort bilete Sande badeplass2 - Klikk for stort bilete
Sist endra 16.11.2016
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500

Se også