Omlegging til digital faktura

Omlegging til digital faktura

Brevgiro

Dei nye fakturaene har ikkje bankgiroblankett. Betalar du via brevgiro må du nytte ein tom bankgiroblankett. Fyll ut nødvendig informasjon, som du finn på den tilsendte fakturaen. Bruk den ferdig utfylte giroblanketten til betaling via brevgiro. Tomme bankgiroblankettar kan du få i din lokale bank, eller på kommunehuset. Der kan du og få hjelp til utfylling av tomme giroblankettar.

Informasjon som må fyllast ut på tomme giroblankettar er:

  • Beløp
  • Betalarens bankkontonummer
  • Betalt av (Namn)
  • Betalt til (Hjelmeland kommune)
  • Kundeidentifikasjon (KID)
  • Til kontonummer
Faktura via Vipps

Om du er van med å få faktura i postkassa di, vil du nå kunne få fakturaen som Vippsfaktura. Dette føreset at du nyttar Vipps og at du har aktivert tenesta Vipps faktura.

I tillegg må du være registrert med eit gyldig mobiltelefonnummer i kommunen sitt kunderegister.

Ta gjerne kontakt med kundesenter for registrering av mobilnummer:
per telefon: 51 75 00 00
eller e-post: faktura@hjelmeland.kommune.no

Faktura i Digipost / eBoks

Om du er van med å få faktura i postkassa di, vil du no kunne motta fakturaen din som digital post i den digitale postkassa du har valt. Dette føreset at du har ei digital postkasse (Digipost eller eBoks) og at du ikkje har reservert deg mot å motta digital post frå det offentlege.

Digital postkasse kan du velje på Norge.no 

Faktura som vedlegg i e-post

Om du er van med å få faktura i postkassa di, vil du nå kunne få faktura som vedlegg i ein e-post frå Hjelmeland kommune. Dette føreset at du er registrert med ei gyldig e-postadresse i Hjelmeland kommune sitt kunderegister. Send gjerne e-post til faktura@hjelmeland.kommune.no for registrering av e-post adresse.

Tilbod om å inngå avtale om e-faktura

Er du registrert med gyldig e-postadresse i kommunen sitt register, vil du motta ein e-post med tilbod om å inngå avtale om e-faktura med kommunen. E-posten inneheld ei lenkje som du må klikke på for å aktivere ei slik avtale.

Ønsker du ikkje å inngå ein slik avtale, kan du berre slette denne e-posten. Har du allereie ein slik avtale med kommunen, får du ingen e-post.

Kva viss du allereie har avtalegiro eller efaktura-avtale

Hvis du allerede har en avtalegiro- eller efaktura-avtale med Hjelmeland kommune, vil du halde fram med å motta faktura som avtalegiro eller efaktura, som tidlegare.

Sjå film om den nye løysinga

 

Torill Berge
Rådgjevar økonomi
E-post
Telefon 40 43 90 24