Leige av kommunale møterom og lokale

Du kan leiga møterom i kommunale bygg til alle lovlege føremål. Me leiger ut til private, næringsdrivande og frivillige organisasjonar. 

Det kan avtalast leige for varierande tidsrom. Faste avtalar kan gjerast for inntil eit år om gongen i perioden 20. august til 20. juni. Leige kan ikkje avtalast lengre fram i tid enn gjeldande periode.

Rom i kommunale bygg 

  • Gymsal
  • Kommunestyresal
  • Møterom
  • Klasserom
  • Kantine/bruk av kjøkken

Sjå reglement og prisar

Spinneriet 

  • Kantine/bruk av kjøkken
  • Rom 

Utleigereglement Spinneriet

Hjelmelandshallen:

For utleige av Hjelmelandshallen er det utarbeidd eige reglement.

For bestilling av lokale, ta kontakt med kundesenteret.

Hjelmeland Kundesenter
E-post
Telefon 51 75 00 00