Reglement og prisar for utleige av møterom og lokale

5 Branninstruks

  • Ansvarleg person er den som disponerer nøkkel til bygget. Denne skal gje dette tilkjenne før arrangementet tek til.
     
  • Ansvarleg person har ansvar for å setje seg inn i gjeldande branninstruks, før arrangementet tek til. (Oppslag i bygget.)
     
  • Brann vert varsla ved støytvis ringing/brannalarm.
     
  • Ring 110 for å melda frå til brannvesen
     
  • Kan du avgrensa skade på menneske eller materiell, så gjer det. Hugs at liv og helse alltid har fyrste prioritet.
     
  • Lukk vindu og dører og forlat bygget umiddelbart.
     
  • Møt opp på gardsplassen framfor bygget, og meld deg for brannvernsleiar eller den som har ansvar for oppteljing.