Reglement og prisar for utleige av møterom og lokale

4 Ordensreglar

  • Leigetakar  må sikra at rømmingsvegane er frie – både før, under og etter bruk av lokala.
     
  • Ein skal sjå til at møblar, inventar og utstyr står i same orden som då lokala vart tekne i bruk.
     
  • Bordplater m.v. skal reingjerast etter bruk.
     
  • Brukt kjøkkenutstyr skal reingjerast. Vask av koppar, tallerkar m.v. skjer i oppvaskmaskin. Det er ikkje tillete å ta med seg utstyr frå bygget.
     
  • Avfall og søppel skal sorterast og leggjast i bossdunk utanfor bygget.
     
  • Miljøet i kommunale bygg skal vera røykfritt.
     
  • Attgløymde gjenstandar, som ikkje vart henta innan ein månad, kan bli kasta.
     
  • Romma får ikkje nyttast som lager.
     
  • Skadar eller øydeleggingar på bygning, inventar eller utstyr under leigebruk skal straks meldast til Kundesenteret.