Reglement og prisar for utleige av Spinneriet

5 Branninstruks

  • Ansvarleg person er den som disponerer nøkkel til bygget. Denne skal gje dette tilkjenne før arrangementet tek til.
     
  • Brann vert varsla ved støytvis ringing/brannalarm.
     
  • Ring 110 for å melda frå til brannvesen.
     
  • Kan du avgrensa skade på menneske eller materiell, så gjer det. Hugs at liv og helse alltid har fyrste prioritet.
     
  • Lukk vindu og dører og forlat bygget umiddelbart.
     
  • Møt opp på gardsplassen framfor bygget og meld deg for brannvernsleiar eller den som har ansvar for oppteljing.
     
  • Parkering framfor bygget er ikkje tillete p.g.a. brannkum / åtkomst for brannvesenet.