Personvernerklæring for digitale skjema

Elektronisk lagring av personopplysningar kjem inn under lov om behandling av personopplysningar. Vi vil difor fortelje korleis omsynet til personvernet blir behandla når det gjeld våre elektroniske skjema.

Personopplysning:  Opplysningar og vurderingar som kan knytast til enkeltpersonar.

Behandlingsansvarleg: Den som bestemmer føremålet med behandlinga av personopplysningar og kva hjelpemiddel som skal brukast (Hjelmeland kommune).

Databehandlar: Den som behandlar personopplysningar på vegne av den behandlingsansvarlege.

Denne erklæringa gjer greie for korleis personvernet vert teke vare på av ACOS AS som databehandler av personopplysningar.

ACOS AS ønskjer å sikre at du som brukar av tenestene skal føle deg trygg på at gjeldande lover og reglar vert følgde og at datatryggleiken er ivareteken. Sikker behandling av dataene vil til ei kvar  tid dokumenterast etter gjeldande lovverk.

ACOS AS er kun databehandlar av personopplysningane, medan det er mottakande instans (Hjelmeland kommune) som er eigar av dataene og behandlingsansvarleg. Eigarforholdet er regulert av ein eigen databehandlaravtale.


Føremålet  med behandling av personopplysningar
Opplysningar som du fyller inn vert sendt til behandlingssansvarleg. Opplysningane gjer behandlingsansvarleg i stand til å utføre si saksbehandling av din førespurnad. Dei innsamla opplysningane om deg vert behandla på same måte som om du hadde sendt inn eit papirskjema.

Lov om behandling av personvern
Denne personvernerklæringa følgjer bestemmelsene i Lov om behandling av personvernopplysninger (personopplysingsloven) av 01.01.2001 med tilhøyrande forskrift.

Personopplysningar
Dersom du føler at ditt personvern er sikra ved denne erklæringa, samtykker du til lagring ved oppretting av din brukarprofil. Samtykket vert gitt som godkjenning av våre retningsliner for personvernet og som samtykke for behandlingsmåten av opplysningane.

Lagring av opplysningar
Dersom du logger deg på med e-post kan du når som helst velge å avbryte utfyllinga av skjermdialogen og eventuelt hente den opp igjen for vidare utfylling seinare.

Opplysningene du har tasta inn vil liggje lagra på databehandlar (Acos) sin server, og vil ikkje vere tilgjengelege for mottakar, som er kommunen, før du bestemmer deg for å sende inn søknaden.

Når du har valt innsending, har du samtidig stadfesta at mottaker kan motta opplysningane. Så snart søknaden er oversendt behandlingsansvarleg, slettast innhaldet frå databehandler sin server (seinast innan 3 døgn).

Sikker linje
Alle opplysningar som vert overført mellom di datamaskin og vår server føregår over sikker kryptert linje (SSL). Løysinga tilsvarar tryggleiken som er brukt i nettbankane.

Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysningar. Du kan når som helst be om å sjå opplysningane vi har registrert om deg. Dette gjer du ved å ta kontakt pr e-post: postmottak@hjelmeland.kommune.no.

Dersom du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du krevja å få opplysningane sletta. Dersom du har oppretta ein brukarprofil i løysinga, kan du sjølv foreta slik sletting. Dette er jf. Personopplysningslova § 18 og retting etter same lov § 27 og § 28.

Unnlatt samtykke
Dersom du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok ivaretatt, vil du ikkje kunne bruke sjølvbeteningsportalen - Søknadssenter - i forhold til elektroniske søknadsskjema. Du må då vende deg til kommunen på anna måte.

Aldersgrense
Du stadfestar at du er over 18 år.


Spørsmål?
Dersom du har spørsmål om personvernerklæringa, ta kontakt med kundesenteret  på tlf 51750000 eller e-post: postmottak@hjelmeland.kommune.no.