Reglement og prisar for utleige av møterom og lokale

2 Leigeprisar

Leigeprisar pr rom/dag (døgn)

Leigeprisar pr rom/dag (døgn)
Rom Frivillige lag/org. Ikkje-kommersielle / private arrangement Kommersielle føretak
Gym.salar, Kommunestyresal kr 0 kr 1 590 kr 2 660
Møterom, klasserom og likn. kr 0 kr 850 kr 1 590
Kantiner / bruk av kjøkken kr 0 kr 1 065 kr 1 590
Vaktmeisterteneste kan tingast for kr 350,- /time

Det kan verta kravd etterbetaling ved manglande rydding og klargjering. Leigekontrakt skal fyllast ut.

Som hovudregel gjeld at leiga ein betaler for rom alltid inkluderer reingjering. Det er likevel ein føresetnad at leigetakar ryddar, fjernar boss og klargjer etter seg i tråd med ordensreglane.

For enkelte bygg er reingjering ikkje inkludert, og leigetakar må sjølv syte for vask av golv og toalett. Dette gir ein prisreduksjon på kr 350,-