Reglement og prisar for utleige av Spinneriet

4 Ordensreglar

  • Leigetakar  må sikra at rømmingsvegane er frie – både før, under og etter bruk av lokala.
  • Leigetakar skal sjå til at inventar og utstyr står i same orden som då lokala vart tekne i bruk.
  • Bordplater m.v. skal reingjerast etter bruk.
  • Brukt kjøkkenutstyr skal reingjerast. Vask av koppar, tallerkar m.v. skjer i oppvaskmaskin. Det er ikkje lov å ta med seg utstyr frå bygget.
  • Avfall og søppel skal sorterast og leggjast i bossdunk utanfor bygget.
  • Termostat for innetemperatur må ikkje stillast på!
    Temperatur-auke kan ein oppnå via ventilasjonssystemet:
    • 1. etg: Timer-knapp (3 timer) ved utgang/nødutgang mot aust (skilta).
    • 2. etg: Av/På-bryter ved utgang/nødutgang mot aust (skilta).
  • Miljøet i Spinneriet skal vera røykfritt.
  • Attgløymde gjenstandar, som ikkje vert henta innan ein månad, kan bli kasta.
  • Spinneriet må ikkje nyttast som lager.
  • Skader eller øydeleggingar på bygning, inventar eller utstyr under leigebruk skal straks meldast til Kundesenteret.