Vedtekter for bruk av kommunevåpenet

Formannskapet vedtok 03.07.1986 følgjande vedtekter:

§1 Definisjon

 Hjelmeland sitt kommunevåpen, fastsett ved kongeleg resolusjon den 6. desember 1984 med korrigering den 24. januar 1985 er ein gull Andreaskross på raud grunn, laga med trillingstrenger.

Kommuneflagget er ein gul Andreaskross på raud grunn, laga med trillingstrenger.

§2 Generelt om bruk av kommunevåpenet

Som hovudregel kan våpenet berre brukast av den kommunale administrasjonen og av kommunale institusjonar i samband med kommunale funksjonar og til dekorasjon.

Våpenet må ikkje brukast slik at det kan oppfattast som privat kjennemerke. Private kjenneteikn må heller ikkje stillast saman med våpenet.

Bruk av våpenet på suvenirar eller andre reklametiltak er ikkje lovleg utan det er gitt særskilt løyve av formannskapet.

 

§3 Bruk av våpenskjold

Våpenskjoldet skal brukast med sine rette fargar. På trykksaker kan våpenet prentast i svart og kvitt. Våpenskjoldet kan brukast som eigarmerke på bygningar, bilar og andre gjenstandar. Våpenskjoldet i fargar kan nyttast til jakkemerke.

§4 Bruk av kommuneflagg

Flagget kan heisast når kommunestyret har møte, på kommunale merkedagar og elles etter nærare vedtak.

§5 Bruk av våpenet i fane og banner

Våpenet kan utførast som bordflagg eller banner og brukast som dekorasjon ved kommunale tilstellingar.

Hengjande banner i stort format kan utformast og brukast til dekorasjon etter nærare vedtak.

§6 Bruk av våpenet i stempel og segl

Våpenet kan brukast av kommunale etatar/institusjonar i stempel eller segl med etaten eller institusjonen sitt namn under, eller i ein innskriftring rundt våpenet.

§7 Utforming og storleik

Våpenet kan utførast i ulike materiale og teknikkar, t.d. plastisk i flatestil, måla, teikna, vevd, brodert eller gravert. Det må setjast høge krav til kvalitet i utforminga. Utforminga må alltid vera i samsvar med tekniske og heraldiske kvalitetskrav med rett form, farge og proporsjonar.