Visjon, overordna mål og verdigrunnlag

Kommuneplanen 2019 - 2031.

Visjon: Hjelmeland – Naturlegvis 

«Hjelmeland Naturlegvis» har sidan 2011 vore kommunen sin visjon, og blir eit innarbeidd slagord. Me signaliserer at me ynskjer å bruka natur og naturressursane til næring, rekreasjon og bukvalitet. Me ønsker også å visa at Hjelmeland skal vera eit naturleg val for å bu, arbeida og besøka.

Hovudmål:

Jobb og attraktivitet. Å legga til rette for vekst i folketalet gjennom satsing på arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn.

Satsingsområde:

Satsingsområde 1: Vidareutvikla «trekantsamarbeidet» offentleg, privat og frivillig sektor for å skapa ein basis for felles lokalsamfunnsutvikling med vekst i folketalet.

Satsingsområde 2: Næringsutvikling med basis i eksisterande næringar og der reiseliv vert særskilt vektlagt.

Satsingsområde 3: Lokalsamfunnsutvikling på ein slik måte at det er mogleg å bygga og bu i bygda for alle generasjonar, samstundes med ei særleg satsing på tettstadsutvikling.