Prosjekt me er med i

Kommunen er deltakar i ulike lokale, regionale og nasjonale digitaliseringsprosjekt.

Velferdsteknologi (Sør-Rogaland)

Hjelmeland kommune har blitt ein del av Interkommunalt prosjekt i velferdsteknologi Sør- Rogaland.

Overordna mål for prosjektet er at velferdsteknologi skal være ein integrert del av det kommunale tilbodet innan helse og omsorg i Sør-Rogaland. Kommunane vil gjennom det felles prosjektet anskaffe og ta i bruk velferdsteknologi.

Demografiske endringar som kjem i åra framover, med fleire eldre som vil ha behov for hjelp fra kommunane, gjer at me ikkje kan fortsette å løyse oppgåvene på same måte som i dag. Bruk av velferdsteknologi er eit av dei nye verktya for å gi gode tenester også i framtida.

Velferdsteknologi skal tas i bruk for å fremme sjølvstende og meistring hos innbyggjarane, og bidra til å avlaste og trygge pårørande. Rett bruk av teknologi skal bidra til at innbyggjarane kan bo lengre heime.

Velferdsteknologi skal nyttast for å forenkle og forbetre arbeidsprosessar for tilsette, slik at tid og kompetanse kan nyttast betre.

Digi Rogaland

Det er dårleg ressursbruk å sitja kvar for seg og laga digitale tenester til innbyggarane. Nå går alle kommunane i fylket saman om å utvikla gode verktøy og tenester gjennom fellesprosjektet Digi Rogaland.

Ambisjonen til Digi Rogaland er at innbyggarane skal få dei same digitale tenestene, uavhengig av kor dei bur. Rogaland er det første fylket i landet der alle kommunane går saman i eit slikt samarbeid. Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og KS Rogaland deltar også i prosjektet.

Målsetjinga er å innfri nasjonale krav om auka bruk av fellesløysingar og etablere grunnlag for ei felles, solid og helskapleg plattform for digitale tenester og IKT-systemer og å bidra til å redusere risiko for eit digitalt klasseskille i fylket.

Les meir om prosjektet

Ryfylke IT-samarbeid (RITS)

Kommunane Strand, Sauda, Suldal og Hjelmeland har hatt felles IKT-samarbeid og felles IKT-plattform sidan 2006. Strand kommune er vertskommune for RITS. Styreleiar er Wictor Juul, rådmann i Hjelmeland.

Samarbeidet er ein viktig aktør i utviklinga av nye digitale tenester.

DigiFin - finiansieringsordning for digitaliseringsprosjekt

For å bidra til at fleire digitale fellesløysingar vert utvikla for kommunal sektor, så har KS etablert ei finansieringsordning, som kommunane er med i. Ved å utvikle løysingar saman, får me betre kvalitet og lågare pris på det som vert utvikla. Ein annan fordel er at mange vil stå saman om vidareutviklinga og forvaltninga, noko som vil forlenge levetida til løysingane.

Les meir om ordninga her