Innlevering av listeforslag

Alle parti som ønsker å stille til val, må levere listeforslag. Fristen for å levere inn er 1. april kl. 12.00. 

Nedanfor kjem ei opplisting av dei viktigaste krava til eit listeforslag, og kva informasjon det skal innehalde. Bruk Valdirektoratet sin mal for listeforslag, så er mykje gjort allereie. 

Først av alt: overskrifta. Overskrifta skal vera namnet på partiet, og det er det offisielle, registrerte namnet som skal brukast. Det betyr at de må sjekke partiregisteret hos Brønnøysundregisteret, og bruke den same skrivemåte som partiet er oppført med det. 

Listeforslaget må vidare vise kva val lista gjeld og i kva kommune.

Deretter skal kandidatane førast opp i nummerert rekkefølge. Lista må innehalde minst 7 namn for å kunne bli godkjent. Det er også ei maksimumsgrense, nemleg antal kommunestyrerepresentantar det skal velgast + eit tillegg på inntil 6 namn. I Hjelmeland vert det då max 25 namn på lista (19 + 6). Inntil 4 av kandidatane kan gis eit stemmetillegg. Desse skal i så fall stå først på listeforslaget, og med utheva skrift (til dømes med fete typar, i kursiv eller med store bokstaver).

Listeforslaget skal innehalde kandidatane sitt fornamn, etternamn og fødselsår. Det er ikkje nødvendig å føre opp buplass eller stilling, men dette skal gjerast dersom det trengs for å unngå forveksling mellom kandidatane på lista. I så tilfelle skal dette gjerast for alle kandidatane. Hugs at kandidatane må vera registrert busett i Hjelmeland kommune. Dersom dei ikkje er det, må dei levera ei erklæring om at dei kjem til å vera busett her på valtidspunktet. Personar busett utanfor kommunen kan ikkje veljast til kommunestyret i Hjelmeland.

Listeforslaget skal så underteiknast. For registrerte parti held det at forslaget vert underteikna av to styremedlemmer i lokallaget. Desse vert også listeforslaget sine tillitsvalte. Dei tillitsvalgte kan mellom anna trekke tilbake listeforslaget.

Saman med listeforslaget skal det leverast ei liste over alle kandidatar med fødselsdato. Når listeforslaget med vedlegg er levert inn til kommunen, skal valstyret godkjenna dei. Dette skal skje innan 1. juni. Dersom eit listeforslag ikkje oppfyller alle lovkrav ved innlevering, skal kommunen saman med listeforslaget sine tillitsvalte bringe forslaget i samsvar med loven. Valansvarleg følger opp dette fortløpande ettersom forslaga kjem inn.

Før fristen 1. april kan de fritt gjera endringa i listeforslaget. Etter fristen kan det berre gjerast endringar som er nødvendige for å få forslaga i samsvar med lova. 

Listene blir lagt ut til offentleg ettersyn i biblioteket etterkvart som dei kjem inn. 

Dersom de har spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt.

Meir utfyllande informasjon finn de og på Valdirektoratet sine nettsider.

Leif Velde-Johannessen
Jurist/politisk sekretær
E-post
Telefon 404 39 016