Barnehagane i Hjelmeland

Me har 4 kommunale barnehagar i kommunen. Desse er Fister barnehage, Hjelmeland barnehage, Jøsenfjorden barnehage og Årdal barnehage.

Felles visjon og verdiar for barnehagane i Hjelmeland.   - Klikk for stort bilete Judith Bergøy, etter inspirasjon frå Kari Pape (2002)

 

Alle tilsette i alle barnehagane i Hjelmeland kommune har fokus på vår felles visjon «DET BESTE FOR BARNET». Me ønskjer å gje barna gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og utvikling.

Barnehagane sine felles verdiar er «Respekt, Omsorg og Tryggleik» = ROT.
Me vil gje barna «røter»;
- gjere dei trygge på seg sjølv og i samspel med andre
- vere med å gje eit positivt grunnlag for danning og utvikling

 

 

Barnehageopptak

 

Foreldrebetaling og moderasjonsordningar

Sist endra 10.10.2016
Liv Berit Tønnesen



Torsdag 27. april i Mediateket, Hjelmeland ungdomsskule

Foreldre med barn i barnehagen skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass. I tillegg er det moderasjonsordningar viss du har fleire barn i barnehagen eller har låg inntekt

Søknadsrutinene for barnehageplass er som følgjer: Alle skal søkje elektonisk på eit søknadskjema som dei finn under menyfana: Sjølvbetening Har du ikkje tilgang på datamaskin med internett, kan du få hjelp til å søkje i barnehagen eller på "Kundesenteret" i Kommunehuset.

Søknadsfristen for hovudopptaket er 1. februar kvart år.

 

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500

Sigrund Kleppa

Kommunalsjef oppvekst
Mob: 404 39 170
E-post :  

Se også