Barnevernet i Hjelmeland

Kontakte oss?
Kontoret er ope kl. 08.00–15.00. Kontoret ligg i Helsehuset.
Besøksadresse: Prestagarden 15.
Postadresse: Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland.
Organisasjonsnummer: 983936342

Timebestilling eller spørsmål? Ring på telefon 404 39 055 eller skriv e-post til postmottak@hjelmeland.kommune.no

Etter § 3-1 i barnevernlova har kommunane ansvar for å fylgje nøye med i dei høve barn lever under, og har ansvar for å finne tiltak som kan førebyggje omsorgssvikt og åtferdsvanskar.

Gjennom barneverntenesta skal ein bidra til å gje barna i Hjelmeland gode levekår og utviklingsmuligheter. 

Barne- og familieseksjonen samarbeider m.a. med helsetenesta, barnehagane og skulane når det gjeld å oppdage og førebyggje omsorgssvikt, åtferds, sosiale og kjenslemessige problem hjå barn. Barneverntenesta er i stor grad avhengig av informasjon frå andre (privatpersonar og offentleg tilsette) om korleis barns omsorgssitusjon er for å kunne gi RETT HJELP TIL RETT TID!

Når barn pga forholda i heimen eller av andre grunnar har særlege behov for det, skal vi i samarbeid med foreldra setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien.

Kva kan barneverntenesta hjelpe med (hjelpetiltak):
- råd og rettleiing i høve foreldrerolla
- støttekontakt, besøksheim og avlastning gratis for foreldra
- barnehageplass eller SFO
- fritidstiltak
- økonomisk hjelp
- terapi, m.m.

Utgangspunktet er at barn skal vakse opp hjå sine biologiske foreldre. I nokre tilfelle vil likevel ikkje hjelpetiltak vera tilstrekkeleg hjelp for barnet/ungdommen. Da må vi vurdere omsorgstiltak, som fosterhjem eller institusjon.

Barnevernlova

"Er du bekyma for eit barn? 10 spørsmål og svar om å melde til barnevernet.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500

Hanne Egeland

$(TITTEL)
Telefon : 404 39 055
E-post :