Satsingsområde

Satsingsområda for 2019-2022 i den regionale kompetanseutviklinga er;

  • Inkluderande miljø for omsorg, leik og læring 
  • Barnehagen som pedagogisk verksemd

Der vår felles visjon «det beste for barnet» er med som ei plattform i utviklingsarbeidet vårt. 

Barnehagen skal drive barnehagebasert kompetanseutvikling. Ein definisjon på barnehagebasert kompetanseutviking er; 
Leiinga og alle tilsette deltar i ein utviklingsprosess på eigen arbeidsplass. Hensikten er å utvikle barnehagens samlede kunnskap, holdninger og ferdigheter og bevege barnehagen fra individorientert til kollektiv kompetanseutvikling (Gotvassli, 2017) 

Ut frå satsingsområda er temaet og utviklingsarbeidet for 2021-2022 i Årdal barnehage: 

  • «Sjå og bli sett» 

og problemstillinga me vil jobba med dette året er 

  • «Korleis kan eg som vaksen arbeide for at alle barn får erfare at de er betydningsfulle for fellesskapet?» 

For å drive dette utviklingsarbeidet skal me i personalgruppa innom forskjellige tema i løp av året 2021-2022. 

  • Barna si medvirkning 
  • Temaarbeid 
  • Stille og utagerande barn 
  • Mangfald 
  • Barnehagemiljø 
  • Overgangar i barnehagen 

Målet vårt med dette arbeidet er å endre og utvikle heile organisasjonen. Arbeidet skal sette spor i barnehagen som eining, ikkje bare hjå enkelt aktørar.