Om barnehagen

Fister barnehage er ein kommunal barnehage som ligg ved skulen på Fister.

Det er to avdelingar i barnehagen. Det er Marihøna som er for dei yngste, og Sommarfugl som er for dei eldste barna. Avdelingane held til i kvart sitt hus. Både inne og uteområda er store og romslege.

Barnehagen har flott natur rundt seg. Me har gangavstand til skog, fjell, vatn og sjø. Dette nyttar me oss ofte av.

Barnehagen vert driven i tråd med barnehagelov, rammeplan og andre gjeldande lovar og forskrifter.

Meir fakta om barnehagen finn du på barnehagefakta.no

Rannveig Ueland Terøy
Styrar
E-post
Telefon 404 39 220