Satsingsområde

Satsingsområde

Barnehagen har to hovudsatsingsområde i år:

  • Barnehagen som pedagogisk verksemd
  • Eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning

Me vil setja fokus på BARNS SJØLVBILETE:

Dersom barna skal utvikle eit godt sjølvbilete, må menneske som har betyding for dei møte dei på ein positiv og aksepterande måte. Kvaliteten på samspelet i barnehagen er sentral for barnas moglegheit til å utvikle eit positivt sjølvbilete. Vi ynskjer å skape eit godt og harmonisk klima der barna får tru på seg sjølv, hjelper kvarandre og viser omsorg for kvarandre.

Meir om dette kan du lesa i barnehagen sin årsplan