5 Barnehagemiljø og mobbing
Barnehagen skal fremma eit inkluderande og stimulerande miljø, kor alle barn skal oppleve å bli sett og kan delta i leik. Dei tilsette skal sørga for at barna har det trygt og godt når dei er i barnehagen. Alle tilsette har plikt til å følge med på korleis alle barna har det. Dei skal gripe inn viss barn vert utsett for krenkingar, jf. barnehagelova kap. 8 om psykososialt barnehagemiljø.
Hjelmelansbarnehagen, dvs. felles for alle barnehagane, har utarbeidd ein plan: Trygt og godt barnehagemiljø.
Arbeid med barnehagemiljø og mobbing
For å få til eit inkluderande og stimulerande miljø vil me:
- Skape eit miljø som er prega av omsorg og respekt kor glede, humor og spontanitet har ein naturleg plass i kvardagen.
- Vise at me bryr oss, og er glad for å vera saman med barnet ved å smila og le saman med det, ta barnet på fanget, trøyste det m.m.
- Lytte aktivt og ha augekontakt med barnet. Snakke med, ikkje til barnet.
- Delta i leik på barnet sine premissar. Vise at me har respekt for leiken ved å gje den tid og rom.
- Leite etter det som er positivt hos kvart enkelt barn og setja ord på det.
- La barnet få føle glede og stolthet over eigne uttrykk.
- Utdjupe og gje forklaringar, vise engasjement, følelsar og entusiasme når me opplever noko saman med barnet.
- La barnet sjølv få vera med å diskutera og bestemma korleis me skal ha det i barnehagen.
- Hjelpe barnet til å setja ord på følelsar, slik at det lærer å kjenne igjen følelsar hos seg sjølv og andre.
- Formidle at det er lov å vera sint, men det er ikkje lov å la det gå ut over andre. Hjelpe barnet til å kontrollera seg sjølv ved å setja grenser på ein positiv måte.
- Gje barnet gode fellesopplevingar, eks. turar og fellessamlingar.
- Gje barna gode minner.