Årsplan Fister barnehage 2022/2023

9 Dokumentasjon og vurdering

Me nyttar bilete som dokumentasjon. Me tek ein del bilete i barnehagen. Me legg nokre av desse bileta inn på IST direkte. Der vil du få eit innblikk i kva me driv med. Der vil det og ligga ute skriftleg informasjon, som årsplan, månadsbrev og andre beskjedar.

Barnehagen har og ei facebook-gruppe: Foreldregruppe Fister Barnehage

Me er så heldige at me har dagleg kontakt med dei aller fleste foreldra, og har høve til å fortella litt om korleis dagen har vore.

Me har foreldremøter og foreldresamtalar. 

I samband med ulike prosjekt me har i barnehagen, vil me henge opp teikningar, maleri, ting barna har laga, tekstar og forteljingar me har skrive saman med barna. Dette er og ein dokumentasjon på kva me driv på med.

Evaluering av personalet sitt arbeid

Personalet evaluerar arbeidet sitt kontinuerleg. Me har avdelingsmøter og personalmøter der me legg planar og evaluerar arbeidet vårt.

For at dette skal fungere best mogleg treng me tilbakemeldingar frå brukarane våre som i dette tilfellet er barn og foreldre.