Årsplan Fister barnehage 2022/2023

2 Felles visjon: Det beste for barnet

Alle tilsette i alle barnehagane i Hjelmeland kommune har fokus på «det beste for barnet». 
Me ønsker å gje barna gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og utvikling. 

Felles verdiar

Vår visjon og våre verdiar er barnehagane si rettesnor i det daglege arbeidet, både i forhold til det me seier, gjer og vektlegg i eit dagleg samspel med barna, foreldra og medarbeidarar. 

Illustrasjon med tre som representerer røtene - Klikk for stort bilete Judith Bergøy

Barnehagane sine felles verdiar er «Respekt, Omsorg og Tryggleik» = ROT. 

Me vil gje barna «røter»;

  • gjere dei trygge på seg sjølv og i samspel med andre
  • vere med å gje eit positivt grunnlag for danning og utvikling

Respekt

Ein skal lære å sjå både seg sjølv og andre som verdifulle menneske, og å vere tolerant.  I respekt legg ein både sjølvrespekt, det å verdsetje seg sjølv, og å vise respekt for andre. Me skal respektere at me er ulike, og verdsetje det i ord og handling. Barn si medverknad er viktig. Kvart einskild barn skal bli tatt på alvor og verte lytta til. 

Omsorg

Barna skal verte møtt med nærleik, kjærleik, varme og merksemd! Dei vaksne i barnehagen er trygge, tydelege og kompetente vaksne. Utvikling og ivaretaking av gode relasjonar er viktig, både mellom vaksen og barn, mellom barna og mellom dei vaksne. 

Tryggleik

Barnehagen skal vere ein god og trygg stad å vere! Barna skal verte trygge både på seg sjølv og i samspel med andre. 

Gjennom desse felles verdiane «Respekt, Omsorg og Tryggleik» vil me sjå og møte kvart einskild barn der det er, for barnet sitt beste! I tillegg skal humor, glede, leikelyst, læring og engasjement fylle kvardagen i barnehagen. Dette vil vere av betyding både for barnet si sjølvkjensle, psykiske helse og for førebygging av mobbing. Tidleg innsats er viktig, og åra i barnehagen legg grunnlaget vidare!