Årsplan Fister barnehage 2022/2023

4 Me har fokus på

Barn sitt sjølvbilete

Dersom barna skal utvikle eit godt sjølvbilete, må menneske som har betyding for dei møte dei på ein positiv og aksepterande måte. Kvaliteten på samspelet i barnehagen er sentral for barnas moglegheit til å utvikle eit positivt sjølvbilete. Me ønskerå skape eit godt og harmonisk klima der barna får tru på seg sjølv, hjelper kvarandre og viser omsorg for kvarandre.

Barn si medverknad

er nedfelt gjennom FNs barnekonvensjon og i lov om barnehagar (§ 3). Ein kan forstå det som å gjera noko saman. Kvart barn har rett til å erfare at deira stemme blir tatt på alvor og har verknad i fellesskapet. Barna skal jamleg få høve til å delta aktivt i planlegging og vurdering.

Sosialt samspel

mellom barna, og mellom barn og vaksne, gjennom leik og kvardagsaktivitetar blir i rammeplanen dratt fram som noko av det viktigaste i barnehagen. Leiken er eit viktig uttrykksmiddel for barn. Samtidig som det er morosamt å leike, lærar barna mykje gjennom leiken. Derfor er store delar av dagen via til leik.

Inkludering

Barnehagen  skal fremma positive haldningar som motverkar avvising, mobbing og vald. Inkludering betyr at me må endre heilskapen, slik at alle finn plass. Miljøet må tilpasse seg barnet, ikkje motsatt. 

Språk

Me ønsker å gje barna eit variert språkmiljø der barna får oppleve glede ved å bruke språk og kommunisere med andre. Me vil inkludere alle barna i språkstimulerande aktivitetar.

Natur og bevegelse

Me er heldige på Fister som har så mykje variert natur i barnehagen sitt nærmiljø. Dette må me nytta. Me går ofte på tur: korte turar og lengre turar ,turar med mat ,turar utan mat, turar i sol ,turar i regn, turar på vegen, turar i skogen, turar på fjellet, turar til sjøen osv.

På turane våre vil me gå, springa, hoppa, rulla, klatra, vassa, bada, eta skjeva, brenna bål, laga mat, plukka blomar, finna nøtter, telja konglar, plukka bær, spikka med kniv, fortelja, syngja, leika……..

Gode klede som passar årstidene

For å få dette til er me avhengige av at alle barna har gode klær som passer for ver og årstid. 

Alle må ha gode joggesko, støvlar og etter kvart vintersko. Dei må ha gode og passelege regnklede og dressar, og det må vera klede som dei kan bevega seg i.

Det er og viktig at barna har skifteklede liggande i barnehagen.

Overordna mål i rammeplanen

Eit overordna mål i rammeplanen er at barna skal utvikle ein BASISKOMPETANSE. Basiskompetansen er den plattforma av kunnskap, haldningar og ferdighetar som barna skal ha med seg når dei byrjar på skulen.