Årsplan Fister barnehage 2022/2023

7 Overgang barnehage - skule

Barnehagen og skulen arbeider saman for å gjera overgangen frå å vera barnehagebarn til å verta skulebarn god for barna. Barna får besøk av skulefadrane sine i barnehagen og besøker dei på skulen. Fadrane er elevar i 5 klasse som har eit ekstra ansvar for sitt/sine fadderbarn. Barna ”skriv seg inn” på skulen, og dei får og eit par dagar med mjuk skulestart på våren. 

Barnehagen har 5-årsgruppe med ulike aktivitetar, Trolleklubben. 

Hjelmeland kommune har ein plan for overgang barnehage/skule som er felles for alle einingane i kommunen.