SatsingsområdeLytt til tekstenStopp avspillingBarnehagen har to hovudsatsingsområde i år: Barnehagen som pedagogisk verksemd Eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning I barnehagen skal barna få leike og utfalde skaparglede, undring og utforskartrang. Ein skal sjå arbeidet med omsorg, danning, leik, læring, sosial kompetanse og kommunikasjon og språk i samanheng, og samla bidra til den allsidige utviklinga til barna. Omsorg I barnehagen skal alle barn oppleve at dei blir sett, forstått og respektert, og få den hjelpa og støtta dei har behov for. Leik Leiken skal vere ein arena for glede, humor, spenning, utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Danning Barnehagen skal oppmuntre barna til å vere prøvande til og nysgjerrige på omverda og bidra til å leggje grunnlaget for modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratiske fellesskap. Læring I barnehagen skal barna oppleve eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre. Meir om satsingsområda, og barnehagen som pedagogisk verksemd kan du lese i barnehagen sin årsplan (PDF, 5 MB).