Vedtekter for barnehagane i Hjelmeland kommune

§ 5 Opningstid

Barnehageåret fylgjer skuleruta. Den normale opningstida til barnehagane er frå kl. 07.30 til kl.16.15 fem dagar i veka. Utover dette må det søkjast spesielt.

Unntak frå opningstidene:

  • Barnehagane er stengd på heilag- og høgtidsdagar, julaftan og på merkedagar (1. mai).
  • På nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag er det stengd frå kl. 12.00.
  • Barnehagane har fem plandagar i løpet av eit barnehageår. Då er barnehagane stengd.

Alle barn skal ta ut fire ferieveker i løpet av eit barnehageår. Tre av desse skal vere samanhengjande.
Dei 5 planleggingsdagane vert rekna som den eine ferieveka.