Vedtekter for barnehagane i Hjelmeland kommune

§ 6 Opptaksreglar

Kommunen pliktar å tilby plass i barnehage til barn under opplæringspliktig alder som er busett i kommunen, jf. §12a i Barnehagelova.

Ein føresetnad for retten til barnehageplass er at ein har søkt barnehageplass for barnet innan fristen for hovudopptaket som er 1. februar. Opptaket skal vere klart 15.mars. Søkjarar ved hovudopptaket blir som hovudregel tildelt plass frå nytt barnehageår og fram til skulestart for barnet.

Barn busette i andre kommunar må søkje om plass kvart år. Søknaden skal rettast til avdeling for Oppvekst via kommunen sine nettsider. Vedtak kan klagast til Formannskapet. Klagen skal sendast via rådmannen.

Barnehagane på Fister, Hjelmeland og Årdal høyrer til same opptakskrets. Jøsneset og Jøsenfjorden er ein opptakskrets.

Dei som ikkje får plass ved opptaket eller får anna tilbod enn dei primært har søkt om (annan barnehage eller anna opphaldstid), blir sett på felles prioritert venteliste. Den som står øvst på den felles ventelista til ei kvar tid, får først førespurnad ved ledig plass, uavhengig av kva dei primært har søkt. For seint innkomne søknader blir til vanleg sett nedst på ventelista. Unntaket er barn som flyttar til kommunen eller har fått endra situasjonen sin i opptaksperioden og nå fyller krava til prioritet etter § 13 Prioritet ved opptak. Dei skal vurderast som om søknaden var komen i rett tid.