Vedtekter for barnehagane i Hjelmeland kommune

§ 7 Opptakskriterium i prioritert rekkefølgje

1. Barn med prioritet etter § 13 i Barnehagelova:

  • Barn med nedsett funksjonsevne etter sakkunnig vurdering
  • Barn det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4, 2. og 4. ledd.

2. Prioritet på grunnlag av dokumentasjon frå hjelpetenesta (helsestasjon,barnevern,lege,PPT) gis til:

  • Barn med utsett skulestart, Opplæringslova, §§ 1.2 og 2.1, tredje ledd
  • Barn frå familiar med store belastningar i form av sjukdom eller funksjonshemming.
  • Barn frå språklege og kulturelle minoritetar, for å styrke språkutviklinga og integreringa.
  • Barn med moderate vanskar som etter fagleg tilråding kan få eit tilpassa opplegg i barnehagen.

3. Barn som søkjer heil plass.

4. Barn med einslege forsytarar.

5. Eldre barn går føre yngre barn.

6. Søsken av barn som allereie har ein barnehageplass eller som søkjer om plass samtidig.