§ 9 Betaling
Betalingssatsane for opphald i barnehagen og søskenmoderasjon vert kvart år vedteke av kommunestyret i samband med budsjetthandsaminga. Dei til einkvar tid oppdaterte gebyra/betalingssatsane og prosent for søskenmoderasjon finn ein på heimesida til kommunen.
Matpris er ikkje del av moderasjonsordninga.
Det vert gitt søskenmoderasjon etter nærare reglar. Moderasjon omfattar heil- og halvsøsken som bur fast saman. Søskenmoderasjon skal gjelde uavhengig av om barn går i same eller i forskjellige barnehagar i kommunen.
Det er «kryssmoderasjon» mellom SFO og barnehage: Når barn på SFO har søsken i barnehagen,
utløyser det søskenmoderasjon for alle søsken på SFO.
Foreldrebetaling skjer forskotsvis kvar månad. Betalingsåret er 11 månader.
Kommunen følgjer «Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetaling» knytt til hushald med låg inntekt.