Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon "det beste for barnet". Me ønsker å gje barna gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling.
Barnehagane sine felles verdiar er "Respekt, Omsorg og Tryggleik = ROT".
Me vil gje barna røter:
- gjere dei trygge på seg sjølv og i samspel med andre
- vere med å gje eit positivt grunnlag for danning og utvikling
Vår visjon og våre verdiar er barnehagane si ledestjerne i det daglege arbeidet, både i forhold til det me seier, gjer og vektlegg i eit dagleg samspel med barna, foreldra og medarbeidarar.
Satsingsområde
- Inkluderande barnehagemiljø
- Barnehagen som pedagogisk verksemd
- Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis
Illustrasjon av Judith Bergøy, etter inspirasjon frå Kari Pape
Publisert 11.07.2019 11.03
Sist endra 13.01.2023 15.34