Redusert foreldrebetaling

Er du usikker på om du har rett på reduksjon i betalinga for barnehageplass?
Her finn du spørsmål og svar som kan vera til hjelp.

Redusert foreldrebetaling bhg

Kva er redusert foreldrebetaling / gratis kjernetid?

Det er ei nasjonal moderasjonsordning knytt til betaling av barnehageplass, for foreldre/hushald med låg inntekt.

1. Ingen familie/hushald skal betala meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass

2. Gratis kjernetid for 3-, 4- og 5-åringar

  • Barn i denne aldersgruppa, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke.

Les om ordninga på Utdanningsdirektoratet sine sider.

 

 

Kven har rett på redusert foreldrebetaling?

For 2019 gjeld dette for hushald som har ei samla brutto inntekt lågare enn 541 500 kr pr. år. Foreldrebetalinga bereknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige person- og kapitalinntekt.

Eit eksempel:
Brutto årsinntekt er kr 350 000 * 6% = kr. 21 000 per år i betaling for ein barnehageplass.
Med 11 betalingsmånadar vert betalingssatsen kr 1 909 per månad. Ved søsken i barnehage vert det gitt søskenmoderasjon. For barn nummer 2 er moderasjonen 30% av det som betalast for barn 1, i dette eksempelet kr 1 336. For barn nummer 3 betalast 50%, som her er kr 954.

Brutto inntekt er inntekt før skatt.

Kva reknast som eit hushald?
  • Ektefellar
  • Registrerte partnarar
  • Sambuarar
Korleis søker eg om reduksjon?

Du må fylla ut eit elektronisk søknadskjema.

Kva vedlegg må vera med?
  • Kopi av skattemeldinga til den/dei som søker

Dersom du ikkje har ei skattemelding å levera, må du levera anna dokumentasjon på inntekt.

Er det ein søknadsfrist?
  • Frist for levering av søknad med dokumentasjon er 1. juni, for handsaming til neste barnehageår.

Dersom inntekta endrar seg, eller barnet startar i barnehagen i midten av året, kan ein søka fortløpande.

Må eg søka kvart år?

Ja, ein må søke for kvart år. Vedtak gjeld berre inntil eit barnehageår.
Dersom inntekta endrar seg, eller barnet startar i barnehagen i midten av året, kan ein søka fortløpande.

Kva er søskenmoderasjon?

Dersom ein har meir enn eit barn i barnehagen samtidig, får ein reduksjon i betalinga frå barn nummer to.