ElevinformasjonLytt til tekstenStopp avspillingMe vil at du skal trivst hos oss og læra mykje. Det krev òg at du er med å bidrar med innsats og godt humør. Me har nokre forventningar til deg som elev hos oss. Publisert02.05.2018 13.25 Sist endra05.02.2021 13.12 Øving Læraren fortel deg kvifor og kor mykje du må øva. Me ventar at du øver regelmessig og kjem førebudd til time. Dine føresette må hjelpa deg med å få til gode øverutinar. Notar Læraren fortel deg kva notar du skal bruka. Desse må du betala sjølv. Frammøte Ver ute i god tid. Ved fråvær skal læraren eller rektor ha melding. Oppdatert informasjon Gå inn på elevportalen og oppdater e-postadresse og mobilnummer. Meldingar blir sendt via e-post eller SMS. Det er difor viktig at vi har rett kontaktinformasjon. Kontakt Ikkje ver redd for å ta kontakt med oss, om det er noko de lurer på. Dei fleste spørsmål vedrørande undervisning og timeplan kan læraren svara best på. For andre førespurnadar, eller berre for ein prat, er de velkomne til å ta kontakt med rektor.