Reglar for bruk av læringsbrett i skulane

Me er så heldige å kunna dela ut læringsbrett til alle elevane i Hjelmelandskulen frå hausten 2019. I tilknyting til utdeling av læringsbrett har me dette regelverket som fortel noko om korleis elevane kan bruka læringsbrettet på best mogleg måte.  Godkjenning av vilkåra for lån og bruk av læringsbrettet skal sendast inn til skulen elektronisk.

1 Bruk av læringsbrett

Læringsbrett vil vere eit viktig verktøy i elevane si læring og utvikling på skulen. Det er dei tilsette som bestemmer når elevane skal nytta seg av denne og kva IKT-ressursar som skal nyttast.

Skulen skal til ei kvar tid ha moglegheit til å sjå elevane sitt innhald på læringsbrettet.

2 Utlån av læringsbrett til elevar

Læringsbrettet er skulen sin eigendom så lenge eleven går på skulen. Læringsbrettet skal oppbevarast i sekken, på pulten eller i hylla etter avtale med læraren. Eleven sørger for å oppbevare og frakta læringsbrettet på ein forsvarleg måte for å unngå skader og unormal slitasje som for eksempel oppripa glas, bulkar og riper i chassis og knappar som ikkje fungerer.

Eleven skal ikkje:

  • prøve å endra maskinvaren på nokon som helst måte
  • klistra på andre merker, dekorera eller teikna på læringsbrettet
  • bytta læringsbrett med andre elevar
  • ta læringsbrettet med seg ut i friminutt eller matfri
  • eta eller drikka når dei arbeidar på læringsbrettet
  • transportera læringsbrettet utan vernedeksel.

Skulen kan også når som helst ta inn læringsbrettet og bytta den med ein annan. Eleven må sjølv passa på å lagra eigne dokument etter retningslinjer frå skulen.

3 Heimebruk og lading

Det er meininga at elevane skal bruka læringsbrettet heime i tilknyting til skulearbeid.

Legg merke til følgjande punkt for heimebruk:

  • Eleven ladar læringsbrettet heime og tek den med på skulen ferdig lada.
  • Ladaren skal merkast med navneetikett, den vert oppbevart heime og tas ikkje med til skulen dersom anna ikkje er avtalt.
  • Føresette er ansvarlege for kva elevane får tilgang til utanom skuletid. All bruk av skulen sitt utstyr skal til ei kvar tid vere i samsvar med skolen sitt ordensreglement.

4 Reglar for bruk

Mykje er lov, men det er ikkje lov til å:

  • dela brukarnamn og passord med andre (eller stela passord)
  • det er ikkje lov å streama filmar etc på skulen utan samtykke frå lærar
  • lasta ned, oppbevara, distribuera eller kopiera materiale som bryt med reglar for opphavsrettigheiter eller andre norske lover og forskrifter
  • lasta ned eller visa upassande materiale i samsvar med lover/forskrifter
  • bruka utstyret som elers bryt med skulen sitt trivselsreglement eller datareglar

Kun kontaktlærar, rektor, IKT-ansvarleg og fyrtårnlærar kan få vita skjermkoden til læringsbrettet og eventuelt passord i Apple-id, dersom det er naudsynt for å retta opp feil på læringsbrettet.

Brot på desse reglane vart rekna som brot på skulen sitt ordensreglement. Systemansvarleg kan utan forvarsel sletta materiale som bryt med reglane for IKT-systema ved skulen. Lærar kan inndra læringsbrettet dersom det skjer brot på reglane i dette dokumentet.

5 Skader og erstatningsansvar

Av og til oppstår det problem med læringsbretta som ikkje er brukaren sin feil. IKT-ansvarlege, fyrtårnlærar eller leiinga på skulen vil hjelpa eleven med desse utfordringane. Dersom det oppstår problem eller feil, vil me erstatta den med eit reservebrett. Elevane vil då låne dette som sitt nye læringsbrett.

Dersom læringsbrettet vert øydelagd p.g.a. aktløyse (uaktsomheit), må læringsbrettet erstattast heilt eller delvis (jfr skulen sitt ordensreglement - Lov om skadeerstatning, kap.1 §1-1 og 1-2).

6 Godkjenning

Elev og føresett skal saman gå gjennom reglane for bruk av læringsbrett i skulen og fylle ut det elektroniske skjemaet som stadfestar at dei har akseptert vilkåra for lån og bruk av læringsbrett.

Trykk her for å gå til skjemaet.