Reglar for bruk av iPad i skulane

4 Reglar for bruk

Mykje er lov, men det er ikkje lov til å:

  • dela brukarnamn og passord med andre (eller stela passord)
  • det er ikkje lov å streama filmar etc på skulen utan samtykke frå lærar
  • lasta ned, oppbevara, distribuera eller kopiera materiale som bryt med reglar for opphavsrettigheiter eller andre norske lover og forskrifter
  • lasta ned eller visa upassande materiale i samsvar med lover/forskrifter
  • bruka utstyret som elers bryt med skulen sitt trivselsreglement eller datareglar

Kun kontaktlærar, rektor, IKT-ansvarleg og fyrtårnlærar kan få vita skjermkoden til læringsbrettet og eventuelt passord i Apple-id, dersom det er naudsynt for å retta opp feil på læringsbrettet.

Brot på desse reglane vart rekna som brot på skulen sitt ordensreglement. Systemansvarleg kan utan forvarsel sletta materiale som bryt med reglane for IKT-systema ved skulen. Lærar kan inndra iPaden dersom det skjer brot på reglane i dette dokumentet.