Reglar for bruk av iPad i skulane

5 Skader og erstatningsansvar

Av og til oppstår det problem med iPadane som ikkje er brukaren sin feil. IKT-ansvarlege, fyrtårnlærar eller leiinga på skulen vil hjelpa eleven med desse utfordringane. Dersom det oppstår problem eller feil, vil me erstatta den med ein reserve-iPad. Elevane vil da låna denne som sin nye iPad.

Dersom iPaden vert øydelagd p.g.a. uforsiktigheit (f.eks ved fall, kaste fra seg ranselen med iPaden i, vatnskade og liknande), må iPaden erstattast heilt eller delvis (jfr skulen sitt ordensreglement - Lov om skadeerstatning, kap.1 §1-1 og 1-2).