Reglar for bruk av iPad i skulane

2 Utlån av iPad til elevar

iPaden er skulen sin eigendom så lenge eleven går på skulen. iPaden skal oppbevarast i sekken, på pulten eller i hylla etter avtale med læraren. Eleven sørger for å oppbevare og frakta iPaden på ein forsvarleg måte for å unngå skader og unormal slitasje som for eksempel oppripa glas, bulkar og riper i chassis og knappar som ikkje fungerer.

Eleven skal ikkje:

  • prøve å endra maskinvaren på nokon som helst måte
  • klistra på andre merker, dekorera eller teikna på iPaden
  • bytta iPaden med andre elevar
  • ta iPaden med seg ut i friminutt eller matfri
  • eta eller drikka når dei arbeidar på iPaden
  • transportera iPaden utan vernedeksel.

Skulen kan også når som helst ta inn iPaden og bytta den med ein annan. Eleven må sjølv passa på å lagra eigne dokument etter retningslinjer frå skulen.