Lovtekst:
Opplæringslova § 2-11. Permisjon frå den pliktige opplæringa
Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1998-07-17-61#KAPITTEL_2
Reglementet er gjeldande frå januar 2021