Reglement for elevpermisjon (skulefri) i Hjelmelandsskulen

Kor mange dagar kan du søkje om?

Du kan søkje om permisjon frå skulen i inntil to veker (ti skuledagar). Det er opp til skulen å vurdere om ein elev skal få innvilga permisjon. Skulen kan avslå søknaden sjølv om det er forsvarleg for den enkelte elev å få fri.