Reglement for elevpermisjon (skulefri) i Hjelmelandsskulen

Krav til søkjar

Det vert ikkje gitt permisjon i periodar med førebuingar og gjennomføring av:

  • Statlege kartleggingsprøvar
  • Nasjonale prøvar
  • Oppstart av nytt skuleår
  • Eksamenar, munnleg og skriftleg
  • Leirskule
  • Større prøvar og vurderingssituasjonar, slik det går fram av skulen sin terminplan/prøveplan. (Skulen må i god tid sende ut informasjon/datoar om kva vurderingssituasjonar dette gjeld).

Det vert normalt ikkje gitt fri frå skulen for elevar som skal på ferie, treningssamlingar eller liknande, eller når eleven har udokumentert fråvær.

Permisjon elevar har krav på:

  • Medlemmar av trussamfunn utanfor Den norske kyrkja har rett til permisjon på sitt trussamfunn sine heilagdagar dersom dei søkjer om permisjon.
  • Helserelatert fråver (tannlege, lege, osb.)

Me kan innvilge permisjon for:

  • Spesielle arrangement og markeringar (politisk arbeid, organisasjonsarbeid, familiehendingar)
  • Idrettskonkurranse/kulturelle stemne på høgt nivå