Reglement for elevpermisjon (skulefri) i Hjelmelandsskulen

Søknadsfrist

Søk om permisjon i god tid før de ønskjer permisjon, helst tre veker før. Inntil 2 dagar kan søkjast om i Transponder og vil verta behandla av kontaktlærar. For permisjon utover 2 dagar må ein søkje via kommunen si heimeside. Hjelmeland postmottak registrerer søknaden din og sender den til skulen, som behandlar søknaden. Behandlingstid er vanlegvis tre veker. Dersom det tek lengre tid, får du beskjed om kor lang tid skulen treng på å behandle søknaden din.

Ønskjer du å klage på vedtak om permisjon må du klage innan tre veker etter at du har motteke svar på søknaden. Klagen skal sendast til skulen som har behandla søknaden.

Les meir på Udir (utdanningsdirektoratet) om reglar kring permisjon frå opplæringa