Byggesaksbehandling i Hjelmeland

Fister.jpg - Klikk for stort bilete


 

Har du planar om å byggje, stort eller lite, må du som oftast søkje om løyve.
Her på sida vil du finne nyttig informasjon og lenker til andre sider med til dømes søknadsskjema.


Byggereglar til plan- og bygningslova er i stadig endring, og det kan være ei utfordring å halde seg oppdatert til ei kvar tid. 

Direktoratet for byggkvalitet har ein god oversikt over nytt regelverk, forskrifter og rettleiingar.

For å finne ut kva reglar som gjeld for din eigedom kan du gå inn på eByggWeb.
Dette er eit kartverktøy med lenke til regulerings- planar og vedtekter i Hjelmeland kommune. 

Det finst ulike søknadstyper alt etter kva og kvar ein ønskjer å bygge. I menyen til høgre ligg nærare beskriving om blant anna tiltak som er friteke frå søknadsplikt, tiltak ein kan søkje om sjølv og tiltak der foretak må søkje.

Dei fleste sakar blir behandla av administrasjonen i kommunen, men prinsipielle saker og klagesaker blir behandla politisk i areal- og forvaltningsutvalet.

Gebyr for saksbehandling av byggesaker går fram av kommunens gebyrregulativ som du finn her: Betalingssatsar

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500