Grensejustering

For å rette opp uhensiktsmessige grenser mellom eigedomar kan ein foreta ei grensejustering/makeskifte.

Ei grensejustering vil seie at det kan overførast mindre areal mellom to matrikkeleiningar (eigedomar) som har felles eksisterande grense. For overføring av større områder, sjå arealoverføring. Ei grensejustering krev at det føretas ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle matrikkeleiningane vert klarlagt og skildra.

Vilkår for grensejustering:

  • Areala skal være nokolunde like i storleik og verdi.
  • Av omsyn til panterett er det bare mindre arealer som kan overførast mellom eigedomane.
  • Arealet for involverte eigedomar kan aukast eller reduserast med inntil 5 prosent (maksimalt 500 m²).

Kven kan søkje?

Eigar (heimelshavar), festar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt kan søkje om grensejustering.

Søknadsskjema for saker unntatt byggesaksbehandling

Søknaden må være underteikna av alle eigarar og eventuelle festarar av dei berørte eigedomane. I dei tilfellene kor det er et firma som er eigar av eigedomen, må det leggast ved firmaattest av nyare dato.

Vedlegg:

Søknaden må innehalde forslag til ny grense teikna inn på kartutsnitt og opplysningar om kor stort areal som vert overført.

Ingeborg Westersjø
Rådgjevar kart og oppmåling
E-post
Telefon 404 39 121