Eg skal flytte, kva må eg gjere?

Når ein skal flytte er det mykje å hugse på. Me har laga ei sjekkliste som kan være til hjelp 

Publisert av Anne Marie Bergman. Sist endra 10.08.2015
  1. Send inn flyttemelding til folkeregisteret innan åtte dager etter at du har flytta.
    Dette kan du gjere elektronisk her: www.skatteetaten.no  
  2. Meld frå om flytting/ettersending til Posten. Folkeregisteret varslar ikkje posten om at du har flytta. Bestillingsfrist er seks virkedager etter flytting. Det kan enten gjerast elektronisk eller på papir. Les meir her: www.posten.no
  3. Når du flytter er du sjølv ansvarleg for å bestille straum og nettleige til den nye bustaden. Det er i tillegg ditt ansvar at kundetilhøvet for din forrige bustad blir sagt opp.
  4. I samband med oppseiing/bestilling, må du gi målepunkt- ID(åtte siffer) og aktuell målerstand.
  5. Bytt fastlege om du flytter over stort geografisk område.
  6. Avbestill/bestill tenester som forsikring, bank, barnehage/skule, breidband, telefon samt andre abonnementstenester.
  7. Husk å ta bort/setje på namn på postkassen.
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500