Konsesjon - eigedomsoverdraging

Ved kjøp av eigedom må ein ved tinglysing av skøyte/festekontrakt anten ha fått innvilga konsesjon, eller leggja fram eigenfråsegn som forklarar kvifor kjøpet kan skje konsesjonsfritt.
Det er unntak for kravet om eigenfråsegn for bebygde eigedommar under 2 dekar, og som er godkjent frådelt etter 1930.

I utgangspunktet er kjøp av eigedom konsesjonspliktig. Det går fram av konsesjonslova frå 2003, i kva tilfelle eit kjøp kan skje konsesjonsfritt. Konsesjonslova blei endra seinast i juni 2009, jf lov av 19. juni 2009 nr 98, med verknad frå 1. juli 2009.

Det er kjøpar som skal søkje om konsesjon, ev leggja fram eigenfråsegn om konsesjonsfritak. Meir informasjon finn du på nettsidene til Landbruksdirektoratet

Eigenerklæringsskjema.

Det er Areal og forvaltningsutvalet i kommunen som avgjer om det skal gis konsesjon. Det vert ei separat vurdering i høve til dei omsyna konsesjonslova nemner.

Sist endra 30.09.2015
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500