Privat vatn- og avlaup i Hjelmeland kommune

I område utan kommunalt vatn og avlaup må det etablerast eiga ordning for vassforsyning og avlaupsvatn.


Private avlaup
Om du ønskjer innlagt vatn i nytt eller eksisterande bygg, og ikkje har muligheit for å knytte avlaupet til offentleg anlegg, må du ha eige utsleppsløyve for avlaupsvatnet.

Alle nye utslepp, samt rehabilitering av eksisterande avlaupsanlegg, vesentleg auke av eksisterande utslepp, er søknadspliktige etter Foruriningsforskrifta og Plan- og bygningslova.
Slike anlegg må planleggast og byggast av godkjente føretak som og har ansvaret for at søknaden er komplett..
Slamavskiljar, infiltrasjon, sandfilter og minireinseanlegg er døme på godkjende utsleppsløysningar.
Dei krav som blir stilt til reinsing av avlaupsvatnet, kjem an på kvar utløpet skal ledast hen.

Søknadsskjema og vedleggsskjema A,C,D,F finn du i menyen til høgre.

Saker relatert til privat utsleppsløyve handsamast av Plan og Forvaltning.

Privat vassforsyning
Vatn frå mindre fellesanlegg skal følgje drikkevassforskrifta, men for eigen vassforsyning til ei einskild hushaldning (t.d. vatn frå privat brønn), er norma i drikkevssforskrifta berre rettleiande.

Boring av brønn

Det kan borast etter grunnvatn både i lausmassar og fjell. Grunnvassbrønnar i lausmassar gir normalt dei største vassmengdene, men der det ikkje finst eigna lausmassar er boring i fjell einaste mulegheit for uttak av grunnvatn. Dette er ofte tilfelle for spreidt busetnad og fritidsbustader.
For informasjon om boring av brønn og om gjeldande regelverk anbefalast nettstaden til NGU.

Hygienisk sikring av brønn

Undersøkingar viser at dei fleste private brønnar er dårleg sikra mot forureining. Med enkle tiltak kan ein ofte forhindre at forurensa vatn renn inn i brønnen og at smådyr fell i brønnen. Les meir om vassforsyning i spreidt bebygging i Vannforsyningens ABC, som er utarbeida av Folkehelseinstituttet.

 

 
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500

Se også