Søknad vatn og avlaup

Før det vert sett i gong arbeid på private stikkleidningar for vatn og avlaup skal kommunen godkjenna dette. Føretak som skal utføra rørleggjararbeid og sanitærinstallasjonar skal vera godkjend i naudsynt tiltaksklasse (sentral eller lokal godkjenning) i tråd med plan- og bygningslova. Utførande føretak skal ha gyldig ADK1-bevis.

Etter at arbeidet er ferdig, må det søkjast om ferdigmelding. Det må leggjast med AS-Built-fil som viser korleis tiltaket er bygd i SOSI- og PDF-format som vedlegg til søknaden.

Frå 09.06.2021 vert rutinane for levering av sanitærsøknadar og utsleppssøknadar i Hjelmeland kommune endra. Alle søknadar knytta til vass- og avlaupsarbeid skal sendast inn via Volue entreprenørportal og private anlegg skal nyttast ved innsending av:

  • Søknad om sanitærabonnement
  • Ferdigmelding for røyrarbeid
  • Registrering av vassmålar
  • Søknad om utsleppsløyve 
  • Søknad om påslepp av feitthaldig avlaupsvatn
  • Søknad om påslepp av oljehaldig avlaupsvatn
  • Registrering av feitt- og oljeutskiljar ved etablering av ny eller utskifting av eksisterande utskiljar.

Løysinga vert brukt i Sandnes, Sola, Klepp, Time, Strand, Hjelmeland, Kvitsøy og Stavanger kommune.

Ein treng berre ein brukar for føretaket, når brukar er oppretta kan føretaket sjølve leggja til brukarar i sin organisasjon. 

Dersom ditt firma ikkje er registrert som brukar av systemet, må de oppretta brukar via følgjande lenkje:

 https://tenantmanager.onpowel.com/Registration 

Her kan du sjå ein video som visar registreringsprosessen

Spørsmål kan rettast til Nina Ravnås, e-post: nina.ravnas@hjelmeland.kommune.no