Kommunalt vatn og avlaup i Hjelmeland

Hjelmeland kommune har inngått eit samarbeid med IVAR IKS innan VA-sektoren. Det inneber at IVAR IKS er ansvarleg for å drifta og forvalta oppgåver relatert til kommunen sitt kommunale vatn og avlaupsnett. Saker knytt til kommunalt vatn og avlaup vert difor handsama av IVAR IKS på vegne av Hjelmeland kommune.
 

Kommunalt vatn og avlaup
Kommunen leverer vatn og tek imot avlaup gjennom det kommunale leidningsnettet. For å verte tilkobla til kommunens offentlege vass- og avlaupsanlegg må ein søkje kommunen om tilknytning. Dette kan vera relevant både for nye byggetiltak, eksisterande hus kor ein ynskjer kommunalt vatn og/eller avlaup, eller dersom ein har fått pålegg om tilknytning etter plan og bygningslova sine reglar. Søknadskjema for tilkobling «sanitærabonnement» finn du i menyen til høgre.

Dersom privat vassleidning skal leggjast over annan grunn, eller via felles privat leidning, skal tinglyst avtale om rett til å leggje leidning og/eller tinglyst avtale om solidarisk vedlikehald leggjast ved søknad om sanitærabonnement. Eksempel på utforming av slik avtale kan du finne hos Kartverket.

Som abonnent er du ansvarleg for at ditt private vass- og avlaupsanlegg (slik som stikkleidningar og utstyr på utsida av husveggen som knyttast til det offentlege anlegget) er i forskriftsmessig stand. Kommunen har ansvar for å bygje, drifte og vedlikehalde det kommunale vass- og avlaupsanlegget.

Du som abonnent skal få informasjon i rimeleg tid dersom det skjer planlagde stopp i vassforsyning eller avlaupshandtering grunna arbeid på kommunale leidningar. Drikkevatnet skal oppfylla bestemte krav til kvalitet (sjå Drikkevannsforskriften). Vasstrykket skal vera minst 2 bar ved tilknytningspunktet på den kommunale vassleidninga. Ein skal motta varsel frå kommunen dersom det skjer vesentlege endringar i vasstrykk eller vasskvalitet. Under vassmangel eller når andre forhald krev det, kan kommunen innføra restriksjonar på bruk av vatn til spesifikke føremål, til dømes hagevatning.

Eventuelle krav til tilknytning vert normalt betemt gjennom reguleringsplan, eller ved søknad om byggeløyve. Relevante normer, forskrifter og lovar er nemde lenger nede på denne sida.

Hjelmeland kommune behandler saker relatert til vatn og avløp i henhold til mellom anna:

Forskrift om vatn-og avlaupsgebyr i Hjelmeland kommune (PDF, 703 kB)

Vatn- og avlaupsnorm

Standard abonnementsvilkår- Administrative bestemmelser (PDF, 543 kB)
 

 

Kommunane Finnøy, Hjelmeland, Kvitsøy, Rennesøy, Stand og Time har i felleskap vedteke Forskrift om påslipp av olje- og fettholdig avløpsvann og Forskrift om vann- og avløpsgebyr, begge gjeldande frå 01.01.2017, unnateke §9- 4b i forskrift om vann og avløpsgeyr (gjeldande frå 01.01.2018).

vasstank
  Konklusjonen er at vatnet i Årdal ikkje er helsefarleg å drikke, men Hjelmeland kommune har full forståing for at lukt og smak av drikkevatnet er uønska.


To kolfiltertankar er nå montert og sett i drift på Årdal vassverk.
Filtera er teke i bruk for å redusere forbindelsar som gir lukt og smak.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500

Lene Beadle

VA-sjef IVAR IKS
Mob: 47 50 95 81
E-post :