Kommunale vassverk

Det er fem vassverk som inngår i den kommunale vassforsyninga i Hjelmeland. Vassverka er basert på grunnvassbrønnar og/eller større ferskvatn.

  • Hauskje vassverk (IVAR IKS sitt anlegg) forsynar dei sentrale områda i Hjelmelandsvågen, Hundsnes, Mjølhus og områder på Randøy og Børøy. Vasskjelda er frå Valavatn.
  • Jøsenfjorden vassverk forsynar området på Mælandsmoen. Vasskjelda er grunnvassbrønn.
  • Skiftun vassverk forsynar området Skiftun/Nesvik. Vasskjelda er to borebrønnar.
  • Fister vassverk forsynar sentrumsområdet av Fister, Fisterneset, Mosnes, Grønnevik og Helgøy. Vasskjelda er Litlavatnet.
  • Årdal vassverk forsynar Årdal-området frå Mælslia og fram til Dalane, Nessa og Hetlandsbygd. Vasskjelda er grunnvassbrønn.