Leidningskart

Hjelmeland kommune har et eige digitalt vass- og avlaupskart, kor kommunens vass- og avlaupsanlegg og private stikkleidningar tilknytt dette er registrert. Her det også registrert ein del private vass- og avlaupsanlegg. Plattforma for leidningskartet er programmet Gemini.

VA Leidningskart

Kven kan få tilgang til kartet

Leidningskartet er tilgjengelig ved etterspurnad for eigar av eigedommar tilknytt kommunalt vass- og avlaupsanlegg eller eigar av eigendommar tilknytt til private vass- og avlaupsanlegg som er registrert i kartet.

Byggefirma, prosjekterande ingeniørar, entreprenørar, røyrleggar og andre med ADK-1 kan og få tilgang til leidningskartet i forbindelse med at det skal prosjekterast nye vass- og avlaupsanlegg, tilknyting eller rehabilitering av stikkleidningar eller for påvising i samband med graving.

Korleis kartet fungerer

Leidningskartet skal være oppdatert til ei kvar tid, og det blir jobba kontinuerlig for å oppdatere endringar og legge inn nye vass- og avlaupsanlegg.

Ved godkjent søknad om sanitærabonnement (private stikkleidningar) og godkjent teknisk plan over større nye vass- og avlaupsanlegg, blir dei prosjekterte vass- og avlaupsanlegga lagt inn i leidningskartet. Ved ferdigstilling av desse, og når Hjelmeland kommune har mottatt endelig dokumentasjon, blir vass- og avlaupsanlegg justert etter meldinga og registrert «som bygt».

Registrering av private anlegg i kartet

Hjelmeland kommunes leidningskart er tilgjengelig for registrering av alle private vass- og avlaupsanlegg. Herunder kjem private slamavskiljarar, brønnar, stakekummar, drenskummar, stoppekraner og veiter.

Dersom ein ønskjer sitt vass- og avlaupsanlegg registrert i leidningskartet, kan dokumentasjon i form av m.a. innmåling i sosi- eller kof-format sendast inn til postmottak@hjelmeland.kommune.no  Innmålingar må bestillast frå eige innmålingsfirma. Vass- og avlaupsanlegget vil da bli registrert i kartet og være tilgjengeleg på førespurnad.

Lene Beadle
VA-sjef IVAR IKS
E-post
Telefon 475 09 581