Påslepp av olje- og feitthaldig avlaupsvatn

Påslepp av olje- og feitthaldig avlaupsvatn

Søknadsplikt

Påslepp av olje- eller feitthaldig avlaupsvatn og installering av olje- eller fettutskiljar er eit søknadspliktig tiltak som skal godkjennast av kommunen. Det skal søkjast kommunen om løyve ved påslepp til kommunalt nett. Dette gjeld ny verksemd, eksisterande verksemd og ved endring av bruk på eksisterande bygningar. Det er eigar av verksemda som må søkje om løyve.

Søknadsskjema for påslepp av feitthaldig avlaupsvatn

Søknadsskjema for påslepp av oljehaldig avlaupsvatn

Kven kan få løyve?

Påsleppsløyve gis til eigar av verksemda. Det er eigar som står ansvarleg ovanfor kommunen for at vilkåra i løyvet vert overheldt. Sjå «Forskrift om påslipp av olje- og fettholdig avløpsvann» for meir informasjon.

Drift og vedlikehald

Den ansvarlege skal ha nødvendig drift- og vedlikehaldsrutinar for å sikre at utskiljaren fungerer optimalt ut frå aktiviteten ved verksemda. Dokumentasjon på leverandørens spesifikasjon om drift og vedlikehald for anlegget skal kunne framleggast ved førespurnad frå kommunen.

Den ansvarlege skal til ei kvar tid ha ein avtale med eit godkjent firma for regelmessig tømming og kontroll av utskiljaren. Kommunen skal ha ein kopi av avtalen. Den ansvarlege skal med jamne mellomrom gjennomføre eigenvurdering med omtanke på å redusere forureining i avløpsvatnet frå verksemda.

Krav til dokumentasjon og rapportering

Tømeoperatøren skal sende inn rapport om tømming og inspeksjon for olje- og fettutskiljar til kommunen. Verksemda er ansvarleg for at følgjande dokumentasjon, for føregåande år, er sendt til kommunen innan 1. februar:

  • Dokumentasjon om kor dei utskilte massane blei levert
  • Analyserapporter av vassprøvar
  • Årsrapport med egen vurdering av påsleppet, eventuelt med forslag til reduksjon av påsleppet
Elisabeth Meling
Mobil 990 24 647