Tilknyting til kommunalt vatn og avlaup

Kven skal knyte seg til kommunalt vatn og avlaup?

Alle bygningar som har innlagt vatn og avlaup, og som ligg på eigedommar innanfor tettbygde og regulerte strøk, skal knytast til Hjelmeland kommunes vass- og avlaupsanlegg.

Hjelmeland kommune har også nokre kommunale avlaupsanlegg og vassleidningar utanfor tettbygde strøk. Bygningar som ligg her skal på lik linje med bygningar i tettbygde strøk kopla seg til kommunalt nett.

 

Kven kan gjere tilknytinga til kommunalt vatn og avlaup?

Arbeidet med å kople ein bygning eller anna til kommunalt vass- og avlaupsnett må gjerast av godkjend føretak. Føretak som skal gjere utandørs arbeid må ha ADK-1 sertifisering.

Utøvande føretak har ansvar for å sende inn Søknad om sanitærabonnement  før tilknyting, eller rehabilitering av gamle stikkleidningar som er tilknytt kommunalt vass- og avlaupsanlegg. Arbeid på private stikkleidningar er ikke tillatt før Hjelmeland kommune har godkjent søknaden.

Etter at arbeidet er avslutta skal dei sende inn Ferdigmelding. Vedlagt ferdigmeldinga skal det følgje ei skisse over utført arbeid og innmåling koordinatbestemt med X, Y og Z. Innmålinga skal leverast i sosi- eller kof-format.